Digitalt kurs i analyse av registerdata
Vil du læra meir om bruk av registerdata i forsking? Kurset gjev eksempel på bruk av registerdata i forsking i sentrale helseregister og kvalitetsregister.

Kurset er nettbasert og vert hels 29.—31. mars 2022. Han tek for seg styrker og svakheiter, koblingsmoglegheiter og juridisk regulering av helseregister. Vidare vert deltakarane presenter for skilnadar mellom registerdata og RCTer (randomiserte kontrollerte studier), og døme på bruk av RRCT (registerbaserte RCT).
Kurset tek òg føre seg ulike statistiske analysemetodar for bruk av registerdata i forsking. Dei får òg innføring i “Directed acyclic grahps” (DAGs, kausale grafar), og kausalitet og inferens i forbindelse med DAGs.
Kursdeltakarane vil få ei innføring i ein nyare metode for å redusera moglegheiten for bias i ikkje-randomiserte studiar (propensity score), multippel testing av registerdata, stratifisering og justering av variablar, korleis ein kan gjera effektstudiar ved hjelp av registerdata.
Påmelding
Påmelding for deg som ønskjer å følgje forelesninger utan å ta eksamen.
Lenkje til påmelding hos oss
Kurset er godkjend som ph.d.-kurs og gjev to studiepoeng ved UiT Noregs arktiske universitet. Etter kurset tek ph.d.-studentar ein heimeeksamen.
Kursarrangør: Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) ved Helse Nord og Institutt for samfunnsmedisin (ISM), UiT.
Kursavgift: Det er ingen kursavgift, men kursdeltakarar som ønskjer ph.d.-poeng og ikkje er registrerte ph.d.-studentar, må betale semesteravgift til UiT. Deltakarar som er registrerte ph.d.-studentar andre stadar enn ved UiT, må dokumentere dette.
Emneleder: Eva Stensland, fag- og forskingssjef ved SKDE.
Etter å ha gjennomført kurset skal studentane:
- kjenne til juridisk regulering av ulike typar sjukdomsregister/helseregister
- kunne vurdere kvifor og korleis ein justerer for multippel testing
- kunne ta i bruk, og vurdere fordelar og ulemper med, ulike metodar for å justere for mogleg skeivskap i datamaterialet, inkludert bruk av «propensity score».
- kunne håndtere ulike typar regresjonsanalysar
- kunne forklare ein “Directed acyclic graph” (DAG), og vurdere modellar for inferens ved bruk av DAG
- ha innsikt i og kunne vurdere fordelar og ulemper med ulike typar studiedesign (tverrsnitt, kasus/kontroll, kohort og RCT-studier), og kunne velje riktig metode
- kjenne viktigheita av å kunne nytte seg av metodar for kvalitetskontroll av data, medrekna valideringsmetodar
- kunne identifisere styrkar og svakheiter ved bruk av registerdata til forsking
Timeplan og litteraturliste kjem!