logo

Nasjonal helseatlastenest med samling i Førde

– Det var både nyttig og nødvendig med eit fysisk møte. SKDE held til i Tromsø, og under pandemien har vi treft kvarandre berre på Teams, seier Marte Bale som er leiar for atlastenesta i Helse Førde.

Publisert 05.05.2022
Sist oppdatert 28.10.2022
Gruppebilde, samling, analytikere

​​​​Målet med samlinga, som fann stad 2. og 3. mai,​ var å starta opp ein felles utviklingsplan for helseatlastenesta dei neste to-tre åra. Nytt i arbeidet er mellom anna at vi tek i bruk data frå både spesialist- og kommunehelsetenesta i analysane, og har etablert ei ny nettside – sjå Helseatlas (skde.no).

– Ved at vi utarbeider planen i lag, blir utviklingsområda relevante og nyttige for hele tenesta – og forventeleg meir gjennomførbar. Gjennom helseatlas undersøker tenesta om innbyggarane får det same helsetenestetilbodet uansett kvar ein bur i landet. At vi saman sikrar ei vidareføring av den gode kvaliteten på arbeidet som blir utført, vidareutviklar den nye nettsida, tydeleggjer forsking som del av tenesta og kommuniserer resultat til målgruppene på ein god, planmessig og felles måte, er viktig for oss i tida framover, seier Bale.

​ For å lykkast med utvikling av atlastenesta er det avgjerande med eit tett og nært samarbeid mellom dei to miljøa. Vi ser fram til å jobba saman med atlastenesta i Førde om å vidareutvikla Helseatlasene, og takkar for godt vertskap, seier seksjonsleiar Hanne Sigrun Byhring i SKDE.

​I tillegg til ein plan for utvikling av tenesta er det også sett ned ei prioriteringsgruppe som skal føreslå  ​kva for helseatlas som skal oppdaterast først, og kva nye emneområde som er relevante.

​​Sjå også: Store forskjeller i oppfølging av kronisk syke pasienter - Helse Førde (helse-forde.no)

​​Saman med gruppa (sjå bilete) deltok også ​assisterande fagdirektør i Helse Vest Ola Jøsendal, utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven og seksjonsleiar Guro Mjanger i Helse Førde. ​