Hopp til innhold
logo

Statusrapport 2021 for Medisinske kvalitetsregistre

Statusrapporten omhandlar utvikling på feltet og satsingsområde i 2021.

Publisert 24.01.2022
Sist oppdatert 07.11.2022
En kvinne og en mann

​Arbeidet med medisinske kvalitetsregister er i stor utvikling. Det er vedteke ein ny strategisk handlingsplan for kvalitets­registerfeltet for perioden 2021—2023. Viktige nasjonale initiativ som vil ha stor betyding for utviklinga av feltet er mellom anna utvikling av fellestenester for helseregister under Helsedataprogrammet og intensivering av arbeidet med automatisert datafangst. Dette kan du lesa meir om i statusrapporten.

​​I tillegg finn du meir informasjon om​

  • Korleis det har gått med Pandemiregisteret i det første driftsåret

  • Norsk kvalitetsregister for hiv som har fått nasjonal status

  • Helse- og kvalitetsregisterkonferansen som vart held i november 2021

  • Forsking ved bruk av registerdata

​I statusrapporten finn du  ​òg​ nøkkeltal om datakvalitet, kvalitetsforbetringsarbeid og pasientrapporterte data.​​

Her kan du lesa statusrapporten for 2021.

​FAKTA:

​​I 2021er det 52 nasjonale medisinske kvalitetsregister​​​ i Noreg.

Eit medisinsk kvalitetsregister samlar strukturert informasjon frå behandlingsforløp for pasientar innenfor definerte sjukdomsgrupper.

Informasjon om utgreiing, behandling, oppfølgjing og resultat av behandlinga gir kunnskap om uønska variasjon i helsetilbodet og kvalitet i helsetenesten. 

​​Hovudformålet med dei medisinske kvalitetsregistra er å bidra til betre kvalitet på pasientbehandlinga.​​

Fant du det du lette etter?