Hopp til innhold
logo

Webinar: Medisinske kvalitetsregister presenterer nye resultat

Bli med på webinar 18. oktober når Nasjonalt servicemiljø presenterer nye resultat frå nasjonale medisinske kvalitetsregister. Webinaret er ope for alle og krev ingen påmelding.

Publisert 12.10.2021
Sist oppdatert 08.11.2022
En mann som står foran en skjerm

​Servicemiljøet og SKDE presenterer kvar haust nye resultat frå nasjonale medisinske kvalitetsregister. I år inviterer vi til webinar 18. oktober klokka 10.00­­—12.00. Her vil resultata frå eit utval av nasjonale kvalitetsregister bli presentert.

SJÅ WEBINARET HER 

​​​​Webinaret vil fokusera på korleis pandemien har påvirka kvaliteten i helset​​enesten, og på programmet står: 

 

  • ​​​Direktør ved SKDE, Barthold Vonen vil presentere ivaretakinga av spesialisthelsetenesten sitt «sørge for»-ansvar under pandemien 
     

  • ​​Kreftregistret presenterer resultat frå året som gjekk. Ved nestleiar i Registeravdelinga Tom Børge Johannesen
     

  • ​​Norsk diabetesregister for vaksne presenterer resultat for året som gjekk. Ved medisinsk fagligleiar John Cooper
     

  • ​​Nasjonalt medisinsk kvalitetsregister for barne- og ungdomsdiabetes ved Torild Skrivarhaug, presenterer data som viser korleis pandemien har påvirka pasientgruppa 
     

  • ​Norsk karkirurgisk register ved fagleg leiar, Martin Altreuther, presenterer data som viser korleis pandemien har påvirka pasientgruppene 
     

  • ​​Norsk MS-register og biobank ved fagleg leiar Stig Wergeland presenterer resultat for året som gjekk. Generalsekretær Magnus Wang Fredriksen i MS-forbundet kommenterer 2020-resultata 

  

​I tillegg til presentasjonar frå kvalitetsregistra vil leiar for Nasjonalt servicemiljø, Eva Stensland, presentere nokre resultat frå den nye nettsida til kvalitetsregistra. 

 

​​​Velkomen!​



Fant du det du lette etter?