Tiltak for å behalde den høge kvaliteten

Ein ny rapport viser at det er mogleg å drive spesialisthelsetenester med høg kvalitet framover utan å trenge vesentleg fleire medarbeidarar innan viktige yrkesgrupper.

Sykehusbygg og en ambulanse utenfor

Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

Rapporten som no er lagt fram av dei regionale helseføretaka viser at dersom spesialisthelsetenesta held fram som i dag, vil ein ha behov for å auke bemanninga med omlag 20 prosent fleire medarbeidarar innan ABIOK (anestesi, barn, intensiv, operasjon og kreft), jordmødrer, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar innan 2040.

Utviklinga viser at spesialisthelsetenesta kan mangle fagleg kapasitet i løpet av få år om ein ikkje gjennomfører gode tiltak for leiarar, medarbeidarar og pasientar. For å møte framtidas behov må sjukehusa finne og forsterke ulike løysingar.

Om rapporten «Bærekraftig utvikling for ABIOK-sykepleiere, jordmødre, sykepleiere og helsefagarbeidere»

  • Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, i et samarbeid mellom dei fire regionale helseføretaka.
  • Arbeidet er leidd av Helse Vest RHF og analysane er utførte på eit overordna, nasjonalt nivå.
  • Rapporten er ikkje ein fasit på framtidig behov for fagleg kapasitet, men synleggjer moglege retningar for å støtte opp under god prioritering, planlegging og  styring.
  • Kvar helseregion har fått sine resultat som ein del av rapporten. Her kan ein òg sjå kva effekt tiltaka vil gi for kvart helseføretak. 

 

Her finn du rapporten. 

Krev langsiktige tiltak

Rapporten viser at det er mogleg å dekkje behovet for fagleg kapasitet i framtida for desse yrkesgruppene utan vesentleg auke i talet på medarbeidarar.

- Vi har viktige oppgåver og store utfordring framføre oss. For å møte dette treng vi eit trygt og modig leiarskap, samspel og medverknad frå tillitsvalde og vernetenesta, og godt medarbeidarskap. Dette krev rett og slett godt lagspel. Det har vi god tradisjon for i Helse Vest. Når vi også har kunnskapsgrunnlaget vi treng for å setje inn dei rette tiltaka, bør vi vere godt førebudde, seier Hilde Brit Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi (MOT) i Helse Vest RHF.

Oppgåvedeling, digitalisering og utvikling

For å dekkje behovet for fagleg kapasitet, peiker rapporten på at spesialisthelsetenesta må styrke arbeidet med å

  • bruke den rette kompetansen til dei rette oppgåvene
  • behalde, utvikle, utdanne og rekruttere den faglege kapasiteten spesialisthelsetenesta treng
  • utnytte heile den faglege kapasiteten ved å ha heile, faste stillingar, leggje til rette for fleksible arbeidstidsordningar, inkludert tilby vakter på 12 timar, og ikkje minst redusere sjukefråværet
  • bruke digitale løysingar og IKT for å frigjere tid og ressursar
  • leggje til rette for karriere- og kompetanseutvikling
  • etablere gode introduksjonsprogram for nye medarbeidarar

- Helse Vest har stilt nasjonal bemanningsmodell til disposisjon for alle regionane og helseføretaka i landet.  Det blir mobilisert eit godt felles arbeid i alle helseregionane, seier Christiansen.


Les rapporten.

Sist oppdatert 11.04.2025