Bidreg i Helse Nord sitt regionale innsiktsteam
Fag- og forskingssjef Eva Stensland i SKDE er operativ leiar i regionalt innsiktsteam.
Innsiktsteamet vart oppretta hausten 2022 på oppdrag frå Helse Nord sitt styre. Teamet skal gje råd til administrerande direktør, og være “tett på” og hjelpa til i omstillingsprosessane i helseføretaka. Målet er å sørgja for berekraftige helsetenester i nord. Samstundes er det òg naudsynt å ta grep for å sikre at økonomien, og ikkje minst behovet for og tilgangen til personell, er berekraftig.
Teamet skal utføre sjølvstendige oppgåver, men òg bidra med analysar og felles forslag til helseføretaka sitt omstillingsarbeid.
Ansvarleg leiar for innsiktsteamet er eiardirektør i Helse Nord, Hilde Rolandsen, medan Eva Stensland har rolla som operativ leiar. Det er ni medlemmar i teamet.
— Eg er glad for å kunna bidra i dette viktige arbeidet på vegner av SKDE. Vi har kontakt med alle helseføretaka og hjelper dei med analysar dei har behov for i omstillingsarbeidet sitt. Dette oppdraget gir meg mykje ny kunnskap som eg tenkjer kan vere nyttig i det andre analysearbeidet vårt i SKDE, seier Eva Stensland.
Les meir om innsiktsteamet her: Regionalt team skal bistå til nødvendige endringer