Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Nord

Delirium tremens aukar risikoen for tidleg død

Personar som har hatt delirium tremens på grunn av høgt alkoholinntak, har større risiko for tidleg død samanlikna med personar som har andre lidingar knytt til alkoholbruk.

Randi Solhaug
Publisert 17.11.2023
En sittende kvinne i svart pledd

Foto: Colourbox

Delirium tremens (DT) kan ramme personar som hatt tung og langvarig alkoholinntak når dei brått trappar ned drikkinga. No har forskarar funne ut at DT òg aukar risikoen for å døy tidlegare. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Personar som har hatt delirium tremens har òg auka risiko for sjukdom og for å hamne i ulykker. Det kjem fram i ein studie på langtidseffektar av delirium tremens. Bak studien står mellom anna professor Jørgen Bramness i Folkehelseinstituttet (FHI) og UiT Noregs arktiske universitet, og post.dok og analytikar i SKDE, Ina H. Heiberg.

Konsekvensane er lite kjend 

Delirium tremens (DT) er ein tilstand som personar med alkoholbruksliding (eng. alcohol use disorder) kan få når dei trappar ned eit langvarig og høgt alkoholinntak. DT er med andre ord ein svært alvorleg form for alkoholabstinens som både er potensielt livstrugande og spesielt ressurskrevjande.

Samstundes er det lite kjent kva for langsiktige konsekvensar DT har for dei som får det, og det ville forskarane bak studien sjå nærare på.

Kva er delirium tremens?

Delirium tremens (DT) er ein tilstand av forvirring som vert utløyst av alkoholabstinens hos personar etter høgt inntak av alkohol over tid. Det vil seie at det utviklar seg etter opphald, eller stor reduksjon, av tungt og langvarig alkoholinntak.

Tilstanden er kjenneteikna  av skjelvingar, rastløyse, angst og hallusinasjonar.

DT inntreff ofte to til fire dagar etter siste alkoholinntak, og kan vare i fleire dagar (opp mot åtte dagar er observert).

Ein trur at søvnmangel kan være ein viktig årsak.

DT finst hos ein liten del av pasientar med alkoholavhengnad (3—15 %).

Kjelder:  
Store norske leksikon 
Jørgen G. Bramness, Ina H. Heiberg, Anne Høye og Ingeborg Rossow. Wiley Online Library, published online 19 July 2023. Mortality and alcohol-related morbidity in patients with delirium tremens, alcohol withdrawal state or alcohol dependence in Norway: A register-based prospective cohort study 

Samanlikna tre grupper

For å finne ut meir om langtidseffektar samanlikna forskarane tre grupper menneske. Den første gruppa var dei som hadde hatt DT. Den andre gruppa var dei som gjekk igjennom alkoholabstinens etter at dei hadde slutta å drikke alkohol. Den tredje gruppa var dei som framleis hadde alkoholavhengnad, men utan DT eller alkoholabstinens.

Forskarane fann at gruppa som hadde hatt DT, hadde større risiko for tidleg død samanlikna med dei to andre gruppene. Årleg dødelegheit var høgare hos DT-pasientar (8 %), samanlikna med pasientar med alkoholabstinens (5 %) og pasientar med alkoholavhengnad (3,6 %).

— Dette er ei svært høg årleg dødelegheit og høgare enn det vi ser til dømes for dei som er avhengig av opioid.
Jørgen Bramness

Opplever fleire ulykker og helseproblem

Forskinga viste òg at folk som hadde hatt DT, hadde større risiko for å døy av forskjellige årsaker, som ulykker, enn dei andre gruppene.

Gruppa som hadde hatt DT hadde òg fleire helseproblem enn dei andre to gruppene. Noko som kan tyda på at dei var sjukare på grunn av drikkinga si.

— Er det delirium tremens-episoden i seg sjølv som er dødeleg, eller er det situasjonar ein kan hamne i som forårsakar død?

— DT er i seg sjølv ein svært alvorleg og dødeleg sjukdom, med inntil 35 prosent dødelegheit når han er ubehandla. Ved rett behandling er dødelegheita i akutt fase svært mykje lågare, kanskje ned mot ein prosent. Den allmenne dødelegheita i åra etter DT-episoden kjem frå andre forhold, til dømes fysisk sjukdom og ulykker, seier Jørgen Bramness.

Aukar risikoen for demens og nevrologiske sjukdommar

Han understrekar at DT er ein svært alvorleg tilstand som kan gje konsekvensar utover den tida sjukdommen står på. Spesielt ser ein at den aukar risikoen for demens og andre nevrologiske sjukdommar.

— Kva vil du seie er det viktigaste funnet i studien som fagfolk/helsepersonell bør merka seg?

— Den viktigaste lærdommen vi kan trekkje frå undersøkinga er at DT er ein svært alvorleg sjukdom. Det er viktig å behandle han rett og ein må òg følgje pasientane som har hatt lidinga i tida etter, då det visar seg at dei kan ha andre alvorlege sjukdommar som bør følgjast opp, fortel Jørgen Bramness. 
 
Du kan lese heile forskingsartikkelen her.