Stor variasjon i behandling av fedme-pasientar
Behandlinga av pasientar med fedme varierer, og det er ikkje områda med høgast førekomst av fedmepasientar som har høgast forbruk av helsetenester. Det viser det nye Helseatlas fedme.
![Mann sittende i utendørs trapp](/4adea7/contentassets/7d03dc6a46d94ddbbe4820a7419ec466/colourbox42925455_fedme_atlas_2023.jpg?format=webp&width=900&height=600&rxy=0.62%2c0.34&quality=80)
Det er også stor variasjon i kva type behandling som blir gitt mot fedme. I enkelte opptaksområde blir til dømes kirurgisk behandling brukt oftare enn i andre.
Fedme er ein kronisk sjukdom og oppfølging frå helsevesenet bør skje regelmessig og over lang tid. I eit nytt Helseatlas for fedme har ein undersøkt pasientar med fedme sin bruk av spesialisthelsetenester; både kirurgi, livsstilsbehandling i rehabiliteringsinstitusjonar og poliklinikk, samt pasientane sin kontakt med allmennlegar.
Analysane viser store geografiske variasjonar i bruk av helsetenestene for perioden 2018—2022.
Helseatlaset er utarbeidd av Helse Førde og du kan lese meir om funna i deira nyhendesak.
Her kjem du direkte til resultata i Helseatlas fedme.