logo Helse Nord

Årsrapporten for 2023 er klar

Her finn du oppsummeringa av kva vi i SKDE heldt på med av aktivitetar i 2023.

Publisert 19.06.2024
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon

Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) sin årsrapport for 2023 gjer deg eit innblikk i arbeidet vårt og resultata våre gjennom det siste året: 

  • Vi fekk eit nytt nasjonalt oppdrag. SKDE skal bidra til å finna ut kva utgreiingar og behandlingar spesialisthelsetenesta skal gjera mindre av. 
  • I løpet av fjoråret publiserte vi helseatlas for radiologi, del 1.  
  • Vi var vertskap for Helse- og kvalitetsregisterkonferansen 2023 i Oslo saman med FHI, Helsedirektoratet og Norsk Helsearkiv.  
  • På slutten av året fekk vi òg ny direktør, Eva Stensland starta i stillinga 1. desember. 

Alt dette og meir til kan du lesa i årsrapporten (pdf-lenkje).