logo

Ny seksjonsleiar ved SKDE

Philip A. Skau har fått jobben som seksjonsleiar for Nasjonalt servicemiljø. Han starter 1. desember i år.

Publisert 01.12.2021
Sist oppdatert 07.11.2022

​​​Philip A. Skau har jobba i Nasjonalt servicemiljø​ ved Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) sidan 2005, og har dei siste åra hatt stillinga som nestleiar. Frå og med i dag, 1. desember, tek han over som seksjonsleiar.

​— Eg har jobba med medisinske kvalitetsregister i 15 no og kjenne området godt. Servicemiljøet består av særs kompetente medarbeiarar som eg gler meg til å fortsette samarbeidet med, seier Philip A. Skau. 

— Skau er veldig godt kvalifisert til stillinga. ­Difor er eg er veldig glad for at han tek​ på seg oppgå​va og at han vert ein del av leiargruppa i SKDE, seier direktør i SKDE, Barthold Vonen.

​Philip A. Skau tek over stillinga etter Eva Stensland. Tidligare i år vart det klart at ho går over i ei nyoppretta stilling som fag- og forskingssjef i SKDE.​

Portrett av Philip A. Skau