logo Helse Nord

Dette kan vi gjere for å motverke geografisk variasjon

Det er ingen automatikk i at jo meir pengar ein brukar på helsetilbod, dess betre og meir likeverdig behandling får pasientane. Da professor David Goodman vitja Tromsø held han foredrag om kvifor det er slik og kva ein kan gjere med det.

Publisert 07.11.2022
David Goodman, taler på en scene

​​​Professor David Goodman ved Dartmouth Institute i USA er rekna som ein nestor på feltet geografisk variasjon, og han har forska på helsetenester i ei årrekkje. Han var difor ein sjølvskriven gjest og hovudtalar på Helsetenesteforskingskonferansen 2022 som fann stad i Tromsø18.–19. oktober​

​Skilnadar og likskap mellom Noreg og USA 

​​På konferansen snakka David Goodman om geografisk variasjon i helsetenestetilbodet i både USA og i Noreg. Han peika på både liknader og skilnader mellom dei to landa. 

​​– Begge bruker mykje pengar på helsetenester, USA faktisk litt meir enn Noreg per person. Men når det gjeld korleis dei brukar pengane så er det fleire skilnadar. Det er til dømes fleire senger knytt til intensivbehandling i USA, medan det er fleire lækjarar i Noreg per person. Landa skil seg òg frå kvarandre når det gjeld kor nøgd innbyggjarane er med helsetenestene dei får tilbod om i sitt nærområde. I Noreg er folk meir nøgd med tilgangen enn i USA. Samstundes er det ein større andel nordmenn som vurderer si eiga helse som «dårleg» samanlikna med amerikanarar. Det til tross for at dei i gjennomsnitt lev lenger enn folk i USA, fortel David Goodman. 

​​Sjølv om begge landa brukar mykje pengar på helsetenester, så slit begge landa med uønskt geografisk variasjon på fleire helsetenester. 

​​– Vi har eit problem 

​Interessa for geografisk variasjon skaut fart i USA på 1970-tallet da pioneren på feltet, lækjar og epidemiologiprofessor John Wennberg, begynte å forske på helsetenestetilbodet i staten Vermont. Han fann at det var enorm variasjon i tilbodet og konkluderte med at det kom av sjukehusa sine eigne preferansar for kva behandling dei skulle gje pasientar.  

​​Forskinga vart publisert i Science og fekk mykje merksemd. Konsekvensen var ifølgje Goodman at fleire forskarar begynte å stille spørsmål om kvifor ikkje alle pasientane fekk same gode og likeverdige behandling: 

​​– Geografisk variasjon i helsetenestetilbodet var ei viktig oppdaging. Og eg kan berre seie at dei siste 40 åra med forsking har vist, i kvart einaste land denne forskinga er gjort, at resultata er det same kvar gong: Vi har eit problem med uønskt variasjon. 

​Må gjere kvalitetsforbetringar 

​​David Goodman seier at eit av problema er at ikkje alle sjukehusa gjer pasientane den behandlinga som til ei kvar tid er rekna for å vere den beste og mest effektive. Årsaka er ofte at lækjarane tek kliniske avgjersler som ikkje er i tråd med dei forskingsbaserte tilrådingane. Konsekvensen for pasientane er at det er mindre sannsynleg at dei får eit godt resultat av behandlinga. 

​​– For å motverke dette må ein gjere kvalitetsforbetringar. Anten på mikronivå, på klinisk nivå, på sjukehusnivå eller på regionalt nivå. Det er sjølvsagt lett å seie, men vanskelegare å få til i praksis, meiner han. 

​​Lækjaren sin preferanse blir avgjerande 

​Uønskt variasjon kan òg komme av at det finnes fleire alternative måtar å behandle sjukdommar og lidingar på. Dette blir gjerne kalla “preferansesensitive tenester”. Ofte inneber fleire behandlingsalternativ at det er lækjaren sin preferanse som blir avgjerande.  

​– Eit døme er brystbevarande operasjon eller mastektomi (fjerning av bryst) ved kreft. Kven trur du verdsett brystbevarande operasjon meir, lækjaren eller pasienten? Det er faktisk lækjaren, fortel David Goodman.  

​Pasientane er kanskje ikkje involverte eller informerte i stor nok grad når avgjerda om behandling blir teken. Konsekvensen er mindre individtilpassa behandling. 

​– For å motverke dette må legar i større grad dele, og søke støtte til, avgjersler. Ein må dessutan forske meir på resultat av, og kvalitet på, avgjersler. Dette blir no gjort i større grad fleire stadar. 

​​​– Helseatlas er eit godt reiskap for forsking 

​I 1996 var professor David Goodman med på å lage det aller første helseatlas i USA.  Sidan da har informasjonen i atlasa blitt verdsett av stadig fleire, mellom anna av forskarar: 

​​– Så langt er det publisert 60 atlas og 350 forskingsartiklar. Så atlasa har vore eit godt utgangspunkt for helsetenesteforsking, seier han. 

Helseatlaset ved Dartmouth inspirerte mellom anna til opprettinga av det norske helseatlaset i 2015 som SKDE og Helse Førde produserer. Hittil er det publisert 12 norske helseatlas. ​

​​FAKTA Helsetenesteforskingskonferansen 

  • ​Om lag 160 personar deltok på konferansen i Tromsø.  

  • 85 deltakarar presenterte forskinga si fordelt på 11 parallellsesjonar. 

  • Tema i år var «Praksisvariasjon i helsetenesta – er likeverd ein illusjon?». 

  • Hovudtalar var professor David Goodman ved Dartmouth Institute i USA. 

  • Konferansen er årleg og går på rundgang mellom fleire institusjonar i Noreg. 

  • I år var SKDE arrangør i samarbeid med Nasjonalt nettverk for helsetenesteforsking. ​