Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Nord

Heldt kurs i analyse av registerdata

Kurset var for doktorgradsstudentar slik at fleire kan ta i bruk registerdata i forskinga si.

Randi Solhaug
Publisert 17.04.2024
En person som står foran en gruppe mennesker som sitter i et rom

Foto: Randi Solhaug

Statistikar Yohannes Tesfay forelas om visualisering. 

16.—18. april vart kurset HEL-8020 Analyse av registerdata i forsking halde på UiT Noregs arktiske universitet. 

Ei innføring i kvalitetsregister 

Det er eit kurs som SKDE har arrangert årleg sidan 2011, og i år var det om lag 40 påmelde. Dei tre dagane kurset varte, fekk kursdeltakarane mellom anna ei innføring i sentrale helseregister, juridisk regulering, medisinsk statistikk og kva styrkar og svakheiter medisinske kvalitetsregister har. 

Frå SKDE forelas Eva Stensland om register og kva dei vert brukte til, og dessutan tilgang til data og kva som finst av variablar. Lena Ringstad Olsen forelas om datavask, Yohannes Tesfay om visualisering, Bjarne Koster Jacobsen om epidemiologi og Heidi Talsethagen om juridisk regulering av helseregisterdata brukt til forskingsformål. 

En kvinne som står ved siden av en datamaskin

Foto: Randi Solhaug

Statistikar Lena Ringstad Olsen forelas om datavask.

Eit mål om auka bruk 

Eit av måla med kurset er at fleire forskarar skal ta i bruk registerdata i forskinga si. Det er mellom anna fordi auka bruk av resultat frå helseregister er ein viktig del av den helsepolitiske satsinga for å styrkja kvaliteten i helsetenesta. Ved å bruka registerdata i forsking kan me som samfunn læra meir om kva me bør endra på og kva me kan læra av i helsetenesta.      

I statusrapporten for 2023 har registera oppgitt at det totalt vart publisert 319 vitskaplege artiklar baserte på data frå medisinske kvalitetsregister i 2022, mot 321 året før. 

Det siste halve året er det publisert fleire studiar der registerdata har vore ein viktig del av forskingsgrunnlaget:

Hoftebruddpasienter opplever langvarig redusert livskvalitet 

Kirurgisk teknikk kan påverka vekttap 

Pasientrapporterte data: Vanleg med diabetesrelatert stress